Laurdag den 10. August 2024 (Den 19. Overnattinga i bobilen)
Starta ut tidleg laurdag morgon, i regnvær og 15 grader. Yr melder om regn heile dagen. Me skulle til Bergen for å besøka vår yngste datter der.
Turen gjekk til Bergenshallen og bobilparkeringa der. Her var det heilt fullt med bobiler såg det ut til, men heldigvis så var det ein som akkurat haldt på med å kjøra ut av plassen. Og då var me snare og fekk parkera der.
Bergenshallen |
Vågen, Bergen |
Vågen, Bergen |
Heile dagen til langt på natt kom det stadig nye bobiler som var ute etter ein plass å stå for natta. Så det er tydeleg at det er altfor få bobil plasser i Bergen.
Ein tur med bybanen til sentrum vart det, og me enda på Egon og fekk oss ein god middag der.
Søndagen starte med opplett og lett overskya vær, som vart til fint vær med sol utover dagen. Ein tur rundt Tveitevatnet fekk me også tid til.
Kjørte til sentrum og parkerte ved mellom By garasjen og Amalie Skram VGS, her var det mange bobiler parkert frå før. Men leste i BT at denne parkeringsplassen for bobilar må sjølvsagt stengast. Merkelig at det skal være så vanskelig å laga til parkeringsplasser for bobilar nær bysentrum.
På festplassen var det mange boder sol solgte svært god Thai mat, som me måtte smaka på.
Thai dans på Festplassen |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar