Tur til på Bømlo på fredag den 13. februar 2026.
Dette er første turen med bobilen i 2026. Det var vært svært kaldt i fleire veker.
Kilometer teljaren står på 52000.
Det var greit vær når eg starta ut, men om natta vart eg overraska av 40 cm snø. Dette gjorde at å køyra heim igjen vart ganske umulig, det var ikkje brøyta her til rorbua. Prøvde fleire ganger å komma meg opp bakken til hovudvegen laurdag føremiddag, men måtte berre rygga forsiktig tilbake igjen.
Søndag måtte eg prøva igjen, i dag var det meldt mildere vær med 3 plussgrader. Eg fekk strødd ein del av vegen. Og klarte akkurat å komma meg opp til hovudvegen. Det var ganske spennande, pga at no var vegen brøyta litt med ein liten ATV, slik at vegen egentlig var for smal for bobilen.
Kommentarer
Legg inn en kommentar