Bergen og Mindemyren bobilparkering. (7,69) Eg køyrde fredag ettermiddag den 5. juni. Rekna med at det ikkje var nødvendig å prøva å få plass ved Bergenshallen, så eg køyrde direkte til Mindemyre. Her var området for bobilparkering allereie fullt, men mange hadde parkert på plassen ved sida av. Og det gjekk greit. Kostar 260 kr døgnet med pluss avgift med Easypark. Her er det eit kort stykke å gå til Bybanen, og ta den til sentrum. Eg vart ståande her til søndag, været var ok, utan dei heilt store temperaturane. På laurdagen var det Pride parade, der mange tusen deltok. Kjekt å sjå så mykje glade og smilande folk gå gjennom Bergens gatene. Mindemyren Vågen Bergen Aquarius 2 Vågen Bergen
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper