Haustferie - tur 6.-9. oktober 2025

No har eg haustferie.           (28,58)
Mykje regn er meldt på vestlandet. Eg tar bobilen ein tur, og køyrer sørover der er det meldt betre vær. Første overnatting i Aksdal, I Tysvær kommune.
Vidare neste dag til Flekkefjord, bobilparkering heilt ned ved hamna. Bra vær, gjekk ein tur både morgon og kveld.

Flekkefjord
Flekkefjord
Flekkefjord
Flekkefjord
    
Flekkefjord
Flekkefjord
 

Neste dag til Lindesnes fyr, Google maps lokka meg inn på ein smal veg mot fyret. Det har vor mykje nybygging i forbindelse med fyret sidan sist eg var der, og det er visst lenge sidan, kafé og hall i fjellet.
Køyrde vidare til Kristiansand og overnatta på Odderøya igjen. Fin plass ved Odderøya hallen.
Gjekk tur i sentrum på føremiddagen.
  

  

  

Så køyrde eg opp Setesdalen. Til Hovden. Temperaturen sank til 2 pluss grader, og det begynte å regna. Vidare til Haukeli fjellstue, middag. Når klokka vart 2200, og det begynte å blåsa meir. Yr viste 35 m/s i kastene om natta. Starta opp og køyrde til Seljestad. Overnatta på Vegvesenet sin kontroll stasjon. Neste dag vart det heimtur. Dvs. 4 overnattingar og ca. 850 km køyrd.

Haukeli fjell
Haukeli fjell
 

Haukeli fjell
Haukeli fjell

Langfoss
  

 

Kommentarer