Fuktkontroll i igjen. (6,36)
I år tok eg turen til Sola bobil for å få utført den årlege fuktkontrollen i bobilen.
Køyrde tidleg fredag morgen, hadde avtale kl 1200. Så då skulle eg ha svært god tid. Men i den undersjøiske tunellen før Randaberg vart det full stopp, vart ståande i ca 45 minutt før trafikken kom i gang igjen. Det innebar lange køar. Såg på Vegvesen.no at det var bilberging, men eg såg ingen ting til det. Måtte ha følgebil til slutt for å komma ut av tunellen.
Overnatta ved Bjerksted. Her var me kunn to biler denne dagen. Men her var også bilparkeringa redusert til 6 biler, grunna arbeid i avløyps tunellen like ved.
Fekk meg ein fin gåtur til Tasta verden om formiddagen i fint vår vær.
| Arsvågen |
| Boknafjorden |
| Boknafjorden |
| Stavanger |
| Stavanger |
| Stavanger |
| Utsikt frå bobilen |
| Gamle Stavanger |
'
Kommentarer
Legg inn en kommentar