fredag 28. februar 2025

Bergen igjen - Vinterferie

 Til Bergen den tysdag den 25. Februar 2024            (4,35)

Denne veka har eg vinterferie frå jobben som lærar. Då passte da med først ein tur til Flesland for levering av yngste datter som skulle til London igjen.
Etterpå så blei det bobilparkeringa ved Bergenshallen, faktisk to netter der. Ein grei plass å parkera med kort veg til Sletten senter og haldeplass for Bybanen. Det kostar 350 kr/døgn med straum å parkera ved Bergenshallen.
Her blei det utover kvelden 7 bobilar.

Eg tok ein gå tur til sentrum, ca 7 km, i litt vekslande vær med 5-7 plussgrader og regnbyger. Etter å tatt den vanlege turen til Bryggen for å kikka på båtane, så tok eg Bybanen til tilbake til Sletten.

    

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar