Til Egersund

 Tysdag den 31. april 2026. Tur til Sirevåg og Egersund        (3,65)
Ein liten påsketur. Eg likar å køyra til Jæren og sjå på strendene der. Denne turen hadde første overnatting i Sirevåg. Ein plass eg ikkje har vært tidlegare. Her er det bobilparkering på kaien, med tilgang på straum og toalett/dusj.
Været var ganske ok, og eg fekk meg ein liten tur ut til den store moloen, denne var det ikkje mulig å gå på. Så ein tur innover havna for å bli litt kjent på staden.

Neste dag køyrde eg til Egersund. Her er det tilrettelagt for bobiler på kaien i sentrum. Denne plassen vart full av bobiler utover kvelden. Ein roleg plass for overnatting, også tilgang på straum mot ekstra betaling.

Gjekk også ein tur her, opp til Arstadfjelltoppen. Fin utsikt over heile Egersund og omegn herifrå.



















Kommentarer