søndag 12. januar 2025

Til Matre i Kvinnherad

Fredag den 10. januar 2025 og bobilen på spelejobb i Matre.         (1,32)
Var litt skeptisk om det var mykje snø og glatt vegbane over fjellet frå Dimmelsvik til Matre i Kvinnherad. Men det gjekk fint, vegen var godt brøyta.
Kom fram til spelelokalet kl 1800, og hadde dermed godt tid til gjestene skulle komme.

Greit å ta med bobilen på slike overnattingsturer, sjølv om temperaturen om natta var -8 grader. Eg hadde tilgang til 230V, og med Trumaen på fullt så fekk eg ikkje høgare temperatur om natta enn 12,5 grader. Men det er nok når ein skal sove. 
Fyrte med gass om morgonen, og då får ein raskt opp temepraturen.

Ein kjekk spelejobb og ein fin tur på vinterføret.

Minus 8 grader
Skjersholmane ferjekai



SKL kurssenter i Matre


Matre i Kvinnherad