lørdag 28. desember 2024

Til Skånevik

Ein overnattingstur til Skånevik igjen.    (31)

Denne gangen var det for å høyra på eit band som skulle ha konsert på House of blues. Været var surt med pluss 9 grader og regn. Over Hålandsfjellet var det ganske mykje tåka og dårleg sikt.

Parkerte på Skånevik bobilplass igjen. Fint å stå parkert her heilt ute på kaien med utsikt mot "Peparen" og sentrum.

Ein heilt utsolgt konsert var det. Men sjølvsagt lite kjensfolk, men det er lett å komma i kontakt med lokalbefolkningen.

 



 

søndag 1. desember 2024

På spelejobb me bubil

Lørdag den 30. november 2024     (30)
I dag er det spelejobb på Reksteren i Tysnes kommune. Greit med bobil og overnatta i den når siste ferja frå Hodnanes ferjekai til Jektevik på Stord går kl 2300.
På Tysnes og spesielt på Reksteren er vegane smale og svingete. Så her er det bare til å køyra roleg.

Kom fram til Reksteren kulturhus ca kl 1800, då hadde eg 45 minutt til opprigging anlegget. Det var 70 gjester på julabordet. 
Det vart servert julamat med alt tilbehør, og eg spelte taffel musikk frå kl 1900, og avslutta ikkje spelinga før kl 1245.
Det vart god stemning utover kvelden og mange ute på dansegulvet.