Torsdag den 11. Juli 2024.
Vakna til regn og tunge skyer i dag, men Yr melder om opplett og fint vær utover dagen.
I går kjørte eg frå Florø til Måløy og heilt ut til Kråkenes fyr som var det nordlegaste målet for denne turen.
Det vart ferjer i dag og. Kjøpte ei svela ombord i ei ferja, utan å spørja om prisen først, 54 kr må sikkert vera noregesrekord.
I Måløy låg det eit cruisebåt med fleire tusen passasjerar og mange av dei skulle med buss ut til Kråkenes fyr. Veien ut der var svært smal på slutten, sjå sjåførane får stor utfordring med å kjøra dit.
Og opp til sjølva fyret vart det stor trafikk av utanlandske turistar som ville sjå fyret.
På vegen tilbake fra fyret kjørte eg ned til Refvik stranda, ei fantastisk fin og stor sandstrand.
Bobil parkeringa på kaien i Måløy var ikkje heilt enkel å finna innkøyringa til, måtte to rundar til i sentrum.
Ein flott plass heilt ved gjestehamna.
|
Måløy |
|
Måløy |
|
Måløy |
|
Refvik stranda |
|
Kråkenes fyr |
|
Kråkenes fyr |
|
Kråkenes fyr |
|
Ein til ferjekai |