lørdag 27. april 2024

Fredag den 26. april 2024 Haugesund

Fri fredag og eit strålande vær, då passer det med ein liten tur med Adrian'en. Denne gang ikkje så langt kun til Haugesund. Og den 4. overnattinga i bybobilen.

Her var det mykje som skjedde i helga. Fredags kvelden var eg ein tur på Pitter's kafe på Bakerøyo. Her var det eit skikkeleg rocke band som spelte, Hairy Dudes Band. Merkelig at det var så lite folk på konserten.


Haaugesund

Haugesund by night

Laurdagen gjekk eg tur langs indre kai som for å sjå på båtane, dette er standard prosedyre for meg. Tok også ein tur i Haraldsgato, her var gato fyllt opp med litt gamle og svært gamle bilder. skikkeleg flott utstilling for bilentusiaster.


Var også ein tur innom Haugesund bibliotek, her var det Thai musikk konsert og og mykje god Thai mat. Det var heilt fullt med folk og god stemning. Eg kjøpte meg ein god Thai mat middag.



Så tok eg ein liten kjøretur til Visnes gruve på Karmøy. Her har eg aldri vært før, så det måtte eg utforske litt.


Smeltehytta



På heimvegen tok eg omvegen om Hagland Fort, alltid spanande å lesa om krigshistorien, og her får ein også flott utsikt over det berykta havstykket Sletto.


Kommando tårnet


søndag 14. april 2024

Tur til Fitjar

2. Tur med overnatting. Ikkje langt denne gang heller, kun til Fitjar.
Midtfjellet 
Fitjar Mekaniske Verkstad

søndag 7. april 2024

1. Overnatting i bobilen 6. April 2024

Første overnattingsturen med den nye bybobilen. Den gjekk til Langevåg heilt sør på Bømlo. Her parkerte eg ved gjestehamna. Bilen er svært god å kjøra, og med 160 Hk så er den ingen sinke i trafikken.

Alt fungerte som det skulle. Måtte teste ut, og sette med inn i korleis alt skal fungere. Er litt annleis den den store Adrian'en som me hadde tidlegare.

 

Langevåg gjestehamn

Dyrnes lykt

            Gjekk ein fin tur på ca 5 km ut til Dyrnes lykt.

fredag 5. april 2024

Kjøpt bybobil

I dag den 5. april 2024, vart det kjøp av ein bybobil merke Adria Twin Supreme 600 SPB 2,3L 2020 modell. Kilometerteljaren står på 33100.
Det vart kun ein liten prøvetur til Leirvik sentrum på Stord i dag.